Personvernerklæring

Personvernerklæring

Sist oppdatert: 25.02.2021.

Denne personvernerklæringa fortel korleis Vestlandsrevisjon samlar inn og handsamar
personopplysningar.

Erklæringa gjeld for tenester Vestlandsrevisjon leverer til våre eigarar og kundar.
Personopplysingar er opplysingar og vurderingar som kan knytast til deg som person,
for eksempel namn, personnummer, adresse, telefonnummer og liknande.
Personopplysingar blir handsama av Vestlandsrevisjon i funksjon av å vere
arbeidsgjevar, kunde og leverandør av tenester.

Vestlandsrevisjon følgjer norsk lov og GDPR (EUs personvernforordning).

Nettstaden vestlandsrevisjon.no

Vestlandsrevisjon er ansvarleg for informasjon på vestlandsrevisjon.no. Vi brukar
informasjonskapslar (cookies) for å hjelpe oss med å forbetre nettstaden ved å samle
informasjon om deg og eininga di.

Utover bruk av cookies vert ingen personopplysingar handsama på nettstaden.

Handsaming av personopplysingar i Vestlandsrevisjon og rettsleg grunnlag

Vestlandsrevisjon er handsamingsansvarleg ved handsaming av personopplysingar. I
den grad vi nyttar underleverandørar er det eigne datahandsamingsavtaler etablert med
desse. Ved bruk av slike underleverandørar stadfestar Vestlandsrevisjon at desse er
pålagt dei same forpliktingar med omsyn til vern og bruk av personopplysingar samt
andre kundedata som Vestlandsrevisjon har.

Vestlandsrevisjon baserar seg på generelt løyve til å nytte
underleverandørar/underdatahandsamarar, jf. GDPR artikkel 28.

Vi handsamar personopplysingar når det er naudsynt for å utføre våre oppgåver etter
kommunelova og revisorlova i samsvar med krav i gjeldande lovverk og
revisjonsstandardar. Vårt rettslege grunnlag for å handsame personopplysingar er
kommunelova og revisorlova, som gir revisor rett til å hente inn einkvar opplysing frå
kommunen og øvrige selskap.

Type personopplysingar

Kva for type personopplysingar vi handsamar er avhengig av kva vi treng for å revidere
kommunen sitt/kunden sitt rekneskap, utføre eit rekneskapføringsoppdrag, utføre eit
attestasjonsoppdrag, gjennomføre ein forvaltningsrevisjon eller ein eigarskapskontroll.
For å utføre våre oppgåver må vi ofte handsame personopplysingar om tilsette i dei
einingane vi reviderer og fører rekneskap for, og om innbyggjarar som kommunen yter
tenester til eller utøver myndigheit ovanfor.

Innsamling av informasjon

Vi samlar inn personopplysingar i samband med:

● revisjon og kontroll av våre eigarkommunar og øvrige kundar (revisjon av
årsrekneskap, forenkla revisorkontroll av rekneskap, andre
attestasjonsoppdrag/revisorstadfestingar herunder avtalte kontrollhandlingar),
rekneskapsføring og ulike rådgjevingsoppdrag

● kundekontroll og rapportering av mistanke etter kvitvaskingslova

● kundekontakt og marknadsføring

● tilsetjingar og tilsette

Utlevering av informasjon

Alle som jobber i Vestlandsrevisjon har taushetsplikt etter revisorlova og
forvaltningslova, jf kommunelova. Taushetsplikta gjeld nokon sine personlege tilhøve og
forretningshemmelegheiter.

Vi rapporterer om vårt arbeid til kontrollutvalget i kommunen i samsvar med
kommuneloven. Det er sjeldan revisors rapporteringar inneheld personopplysingar.

Vi nyttar nokre elektroniske verktøy i samband med revisjonsarbeidet, f.eks. til å
gjennomføre spørjeundersøkingar. Her kan det være personopplysingar, f.eks. epostadresse. Vi har datahandsamingsavtale med leverandør. Personopplysingar lagrast
ikkje i verktøyet etter at revisjonsarbeidet er ferdig.

Vi utleverer elles ikkje personopplysingar til tredjepart.

Oppbevaring

Vi har plikt til å oppbevare dokumentasjon av vårt revisjonsarbeid i 10 år, jf revisorlova
§5-5.

Vi oppbevarer personopplysingar berre i den grad det er naudsynt for å dokumentere
arbeidet vårt i samsvar med gjeldande krav. Så langt det er mogeleg dokumenterer vi
vårt arbeid ved hjelp av referansar til dokumentasjon som er arkivert hos
kommune/kunde.

Dine rettigheiter

Du har, med visse atterhald, rett til å få stadfesta om personopplysingar om deg blir
handsama, og informasjon om føremålet med handsaminga, innsyn i
personopplysingane, å få uriktige personopplysingar korrigert, få personopplysingar
sletta samt å klage til Datatilsynet.

Kontakt vår personvernansvarleg på e-post: post@vestlandsrevisjon.no.