Offentleg Revisjon

Offentleg Revisjon

 Vi har som mål å vere den beste revisjonsløysinga for kommunar og evt fylkeskommunar.

Vi har spesialkompetanse på offentleg sektor. Selskapet er ein totalleverandør og utfører rekneskapsrevisjon, forvaltningsrevisjon og eigarskapskontroll for kommunane, samt revisjon for ei rekke sjølvstendige kommunale- og interkommunale selskap.

Vi er totalleverandør og tilbyr og leverer følgjande tenester til kommunar og evt fylkeskommunar med tilhøyrande verksemder og andre kommunale/interkommunale aktørar.

Rekneskapsrevisjon

Rekneskapsrevisor bidreg til kontroll av kva skattebetalarane og innbyggjarane sine midlar blir nytta til. Rekneskapsrevisjon gjer politikarane og kommunen sine innbyggjarar auka tillit til kommunen sin rekneskap, og auka tillit til at løyvingar blir gjennomførte i tråd med politiske vedtak.

Kommunane forvaltar store økonomiske ressursar. Det er i samfunnet si interesse at desse midlane blir bruka i tråd med det kommunestyra har vedteke og på ein mest mogeleg effektiv måte. Rapportering av kva for midlar som har vore tilgjengelege og korleis dei er bruka, skjer gjennom avleggjing av årsrekneskap og årsmelding.

Rekneskapsrevisjonen sitt føremål er å kunne stadfeste denne rekneskapen. Revisjonen sitt ansvarsområde er stort og her kjem vårt tverrfaglege miljø med lang erfaring og brei kompetanse til nytte. Revisjonens rolle er med andre ord å bidra til at rekneskapen er til å stole på, både for kommunestyret, kontrollutvalet og andre med interesse for rekneskapen.

Forvaltningsrevisjon

Forvaltningsrevisjon er systematiske vurderingar av økonomi, produktivitet måloppnåing, regeletterleving og verknadar med utgangspunkt i kommunestyret sine vedtak og forutsetningar. Det er kontrollutvalet i kommunen som tingar ein forvaltningsrevisjon, med utgangspunkt i kommunen sin plan for forvaltningsrevisjon. Planen blir vedteke av kommunestyret, og skal byggje på ei analyse av risiko i kommunen si verksemd og verksemda i kommunen sine selskap.

Hensikten med analysa er å finne ut kor det er størst bruk for forvaltningsrevisjon.

Føremålet med forvaltningsrevisjon er å:

– Bidra til læring og forbetring/utvikling
– Gje styringsinformasjon
– Vere eit verktøy for kontroll

Forvaltningsrevisjon skal gjennomførast i samsvar med god kommunal revisjonsskikk, og vi gjennomfører oppdraga i samsvar med Norges kommunerevisorforbunds standard for forvaltningsrevisjon (RSK 001). Vi utfører forvaltningsrevisjon innafor ei rekke område, og med forskjellige innfallsvinklar. Vi ønskjer å vere ein innovativ aktør innan forvaltningsområdet, og har stort fokus på at rapportene skal vere nyttige for kommunen å bidra til læring i organisasjonen.

Rapportene våre finn du i Forvaltningsrevisjonsregisteret hjå NKRF

Le meir

Eigarskapskontroll

Ei av kontrollutvalet sine oppgåver er å sjå til at det blir ført kontroll med forvaltninga av kommunen sine eigarinteresser i selskap. Det gjer kontrollutvalet ved å få gjennomført eigarskapskontroll.

 Det er kontrollutvalet i kommunen som tingar eigarskapskontroll, basert på kommunen sin plan for eigarskapskontroll. Kommunestyret vedtek planen, som byggjer på ei analyse av risiko knytt til kommunen sine eigarskap.

 Føremålet med eigarskapskontrollen er å undersøke om den som forvaltar kommunen sine eigarinteresser gjer dette i samsvar med regelverk, kommunestyret sine vedtak og kjente prinsipp for eigarstyring.

 Eigarskapskontrollen skal bidra til å sikre at kommunalt eigde selskap blir underlagt demokratisk innsyn og kontroll.

 Eigarskapskontroll skal utførast av revisor i samsvar med god kommunal revisjonsskikk (RSK 002).

 Vi har brei erfaring med eigarskapskontroll, og tidligere rapporter kan du sjå i Forvaltningsrevisjonsregisteret

Le meir

Andre attestasjonsoppdrag

I tillegg til revisjon av årsrekneskapen utfører vi ei rekke attestasjonsoppgåver, samt forenkla
etterlevingskontroll med økonomiforvaltninga.