Vi har ledig fast stilling som rekneskapsrevisor. Stillinga er ei unik mogelegheit for deg som ynskjer allsidig revisjonserfaring, både frå private selskap og frå kommunal forvaltning og kontrollverksemd. Vi har moglegheit for å tilby deg balanse mellom jobb og privatliv som er vanskeleg å få gjennomført i privatrevisjon. 

Kontorstad kan enten vera Knarvik eller Voss. Vi er digitale, men ynskjer å gi ei god kundeoppleving ved å prioritere å besøke kundane, og det må difor påreknast noko reiseverksemd i ditt distrikt som er Nordhordland, Hardanger og Voss. Du må difor ha førarkort og du må disponera eigen bil.


Kven er Vestlandsrevisjon?

Vestlandsrevisjon IKS vart oppretta 1. januar 2020, og er eit resultat av samanslåinga mellom Nordhordland Revisjon IKS og Indre Hordaland Revisjonsdistrikt. Vi har 8 tilsette med brei kompetanse og erfaring innan ulike fagretningar.
Vestlandsrevisjon IKS er eigd av 8 kommunar: Austrheim, Eidfjord, Fedje, Masfjorden, Modalen, Osterøy, Ulvik og Voss.

Vi utfører rekneskapsrevisjon, eigarskapskontroll, etterlevingsskontroll, forvaltningsrevisjon og andre kontrolloppgåver. Hovudsakeleg er det våre eigarar som er oppdragsgivarar, via kontrollutvalet, men vi har også moglegheit til å ta på oss oppdrag for andre. Vestlandsrevisjon IKS har eit dotterselskap som har revisjonskunder i det private segmentet.